FILMPRODUKSJON

Vis fram bedrifta di, dine tilsette, tenesta di, produktet ditt

Det er absolutt ikkje eit must å lande på filmsjanger heilt i starten av myldringsprosessen. Dette finn vi uansett ut av etterkvart. 
 
Under finn du ein kjapp presentasjon av tre ulike sjangrar. Av og til flyt desse over i kvarandre. Ved å lese og sjå referansefilmar får ein gjerne ein klarare idè om kva ein er ute etter.

Ta gjerne kontakt for ein triveleg og uforplikta prat.

Diverse bedrift-9.jpg
Informasjonsfilm

Denne typen film er kanskje den mest vanlege når det kjem til presentasjon av bedrift, produkt eller teneste. 

Ein enkel infofilm kan bestå av klipp i lag med musikk, men filmen blir både meir innhaldsrik og underhaldande om ein også tek i bruk element som grafikk, voice over, lydeffektar etc.

 

Informasjonsfilmen er god å ha på til dømes messer, sosiale media eller bedriftspresentasjonar.

Brødrene Sperre
Spill video

Brødrene Sperre AS har sidan tidleg 1930-åra vore ein sentral og framoverlent aktør i fiskerinæringa. Etter ein vellukka og effektiv byggeprosess kunne dei i 2020 skilte med splitter ny og moderne fabrikk. 

Oppistua-4_1.jpg
Dokumentar/reportasje

I forhold til informasjonsfilm har dokumentarisk film gjerne litt lettare innhald med høgare underhaldningsverdi og større målgruppe. Ein slik film formidlar ofte engasjement, menneskelege verdiar og/eller haldningar. 

Dokumentariske filmar er alt frå enkle after movies til lengre historieforteljande dokumentarar.