
For dei som vil bli sett, forstått og hugsa
Hareid // Sunnmøre
@Millennium CoWork
Mykje som skjer, men lite som blir vist?
Det er viktig å vere synleg, men lett å nedprioritere. Når kvardagen går i eitt med kundar, leveransar og praktiske oppgåver, blir det lite tid igjen til å oppdatere sosiale media, ta nye bilder, mekke i hop ein filmsnutt eller halde liv i nettsida. Men gjett om ein veit at det burde vore gjort.
Mange har mykje å vere stolte av og mykje å vise fram, men endar opp med å dele altfor lite. Det er synd – for det å vere god til noko, er ikkje det same som at folk veit om det.
Marknadsføring handlar ikkje om å skryte, men om å vise fram det de faktisk gjer – på ein måte som folk forstår og blir nysgjerrige av. Det handlar om å vere til stades, bygge merkevare, tillit og relasjonar. På nett. I sosiale medium. Der kundane leitar.
Nanseth Media produserer film, foto, design og innhald til deg som vil bli sett, forstått og hugsa. Alt blir tilpassa dykkar behov, og levert klart til bruk i sosiale medium, på nettsider, i presentasjonar eller på trykk.
Marknadsføringsavtale?
Facebook - Instagram - LinkedIn - heimeside
Ein fast marknadsføringsavtale inneber at Nanseth Media tek seg av planlegging, produksjon og publisering av innhald i dine digitale kanalar. Du får ein samarbeidspartnar som blir godt kjent med di verksemd, og som sørger for at de er synlege med jamne mellomrom.








