Film kan fortelje, overtale, vise fram eller skape stemning - alt etter kva du vil oppnå.
Lengde, stil, fargar, musikk og bodskap kan tilpassast ulike behov og målgrupper. Nokre filmar skal informere, andre skal vise fram miljø, menneske eller produkt.
Dei ulike sjangrane flyt ofte over i kvarande. Uansett kva du vil fortelje, finn vi eit format som fungerer – og som får bodskapen fram på ein god måte.
FILMPRODUKSJON
Presentasjonsfilm - Reportasje/dokumentar - Informasjonsfilm - Stemningsfilm - Produktfilm - Dronefilm
Presentasjonsfilm
Ein presentasjonsfilm gir eit raskt og profesjonelt inntrykk av kven de er og kva de tilbyr. Den kan vise miljøet, menneska og verdiane – og brukast både på nettside, i møte og i sosiale medium.
Vekst i Hareid - Ein presentasjon av næringsliv
IL Hødd i 100 - Breiddeidretten
Runde Miljøsenter - Rundeskatten
Vikomar - VILD
Reportasje/dokumentar
Ein reportasjefilm gir eit dokumentarisk og stemningsfullt innblikk i kvardagen – som ei fluge på veggen. Kameraet følgjer det som skjer, utan manus eller regi, og viser menneske i arbeid slik det faktisk er. Dette gir eit ekte og truverdig uttrykk som bygger tillit.
Austin Powder/Brekke & Kleppe - Salve på Risneset
Metizport - BootCamp
Informasjonsfilm
Informasjonsfilmar kan brukast til å forklare tenester, rutinar eller system, anten internt eller eksternt. Perfekt til nettsider, presentasjonar eller opplæring.
Inn på tunet - Møre og Romsdal // Garden som pedagogisk ressurs
Paneda/Varsling 24 - Varslingssystem i Flåm
Stemningsfilm/aftermovie
Ein stemningsfilm fangar kjensla i ei oppleving – med bilde, lyd og rytme, heller enn ord. Dette er filmar som formidlar inntrykk, atmosfære og stemning
Passar for å dokumentere arrangement, konsertar, festivalar, turar og andre opplevingar der stemninga er ein viktig del av det som skal visast fram.
Opplev Hareid - Seinsommarfest
Hareid kommune - Kongen og dronninga på besøk
Produktfilm
Ein produktfilm er ein film som viser fram eit konkret produkt – med mål om å informere, engasjere og overtyde målgruppa.
Den skal få fram kva produktet er, korleis det ser ut og kvifor det har verdi for kunden. Produktfilmen kan vere praktisk og informativ, eller meir reklameprega og kreativ – alt etter kven du vil nå, og kor den skal brukast.
FramWeb - Varslingssystem med Allskog
DIMO - Eco Power Unit
Dronefilm
Dronefilm gir ein ekstra dimensjon til historieforteljinga – anten det er for å vise plassering, omfang eller stemning.
​
Droneklipp blir brukt som eit supplement i filmproduksjon, og gir god kontrast til nærare opptak frå bakken. Særleg nyttig når ein vil vise området rundt ei bedrift, dokumentere bygg og anlegg eller fange stemninga på eit arrangement.
