MARKNADSFØRINGSAVTALE
Sosiale media skulle vore oppdatert, nettsida skulle fått nytt innhald, og bedrifta skulle vore meir synleg. Høyrest det kjent ut?
I mange små og mellomstore verksemder blir marknadsføringa ofte nedprioritert – ikkje fordi det manglar vilje, men fordi kvardagen krev alt fokus. Kundar skal følgjast opp, varer skal leverast, og plutseleg har det gått ein månad utan eit einaste innlegg.

62 % av befolkninga bruker plattforma dagleg

9 % av befolkninga bruker plattforma dagleg

46% av befolkninga bruker plattforma dagleg
Kjelde: ssb.no, 2025
Ulike pakkeløysingar
Nanseth Media tilbyr fleksible pakkeløysingar som blir tilpassa behov, ambisjonar og budsjett.
Ein pakke kan til dømes innehalde:
Innhaldsproduksjon
Film, foto og design som viser kven de er. Alt materiale blir lagra i ein eigen bildebank som de fritt kan bruke vidare.
Planlegging og idéutvikling
Gjennom faste kartleggingsmøter utviklar vi idéar og produserer målretta innhald.
Publisering
Alt materiale blir ferdig tilpassa for Facebook, Instagram, LinkedIn eller nettside.
Drift av heimeside
Vi held nettsida oppdatert med ferskt innhald, nye bilde og justert tekst.
Du bestemmer sjølv om vi skal jobbe tett og jamleg, eller levere større bolkar i rykk og napp – alt etter kva som passar arbeidskvardagen din best.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat, så finn vi ei løysing som fungerer i praksis.













