FOTOGRAFERING
Miljø - Produkt - Portrett - Bygg og eigedom - Landskap
Gode bilete gjer inntrykk – lenge før nokon les ein tekst.
Foto er viktig for å skape tillit, vise fram det de gjer, og gi eit profesjonelt inntrykk på nettsider, i sosiale medium og trykksaker.
Gode bilete fortel ei historie utan ord. Dei fangar miljøet, menneska, produkta og stemninga – og gjer kommunikasjonen meir levande og truverdig.
Miljøfoto
Miljøfoto er den mest brukte sjangeren i bedriftssamanheng, fordi det viser det som faktisk skjer. Det dokumenterer menneske i arbeid og omgjevnadane rundt, og gir eit ekte innblikk i kvardagen. Ein allsidig sjanger som passar til nettsider, sosiale medium, presentasjonar og rekruttering.
Produktfoto
Produktfoto skal fange blikket og vekke interesse. Bileta skal illustrere kvalitet, detaljar og stil, og gi eit visuelt løft til nettbutikkar, kampanjar, sosiale medium og trykksaker.
Bygg og eigedom
Foto av bygg og eigedom omfattar alt frå klassisk bustadfoto til dokumentasjon av større anlegg og byggeprosjekt - anten det handlar om å vise fram ein eigedom for sal, presentere eit område, eller følgje prosessen frå tomt til ferdig bygg.
Portrett
Personlege og profesjonelle portrett til nettsider, presse, profil eller sosiale medium. I studio eller på location.
Landskap
Landskapsfoto fangar natur, utsikt, kulturlandskap og stemningar frå nærområdet. Desse bileta blir ofte brukte som utsmykking i kontor, møterom, resepsjonar og offentlege bygg.




































































