top of page

Foto: Møre Media/Cecilie Hatløy

OM NANSETH MEDIA

Nanseth Media leverer film, foto og grafisk design til bedrifter, lag og organisasjonar som ønsker å nå ut til si målgruppe – på ein tydeleg og visuelt gjennomført måte.

 

Enkeltpersonføretaket har vore i drift sidan 2017 og blir driven av Camilla Kleppe Nanseth, med utdanning i film- og TV-produksjon frå Universitetet i Bergen.

Årevis med produksjon har gitt brei erfaring med film, foto og grafiske leveransar til ulike bransjar – alt frå industri, maritim næring og byggeprosjekt til gardsdrift, eigedom, idrett, kommune og frivillige lag. Arbeidet er allsidig, og noko av det beste med jobben er å bli kjent med nye folk, bedrifter og fagområde.

Målet er alltid å formidle bodskapen på ein måte som er tydeleg, tillitvekkande og visuelt sterk – tilpassa både målgruppe og kanal. ​​

Fagleg nettverk og samarbeid

Av og til løner det seg å vere fleire. I enkelte større prosjekt samarbeider Nanseth Media med Møre Media i Ulsteinvik – eit kreativt byrå med solid kompetanse innan foto, design og nettsidebygging.

Samarbeidet gjer det mogleg å ta på seg oppdrag som krev meir kapasitet eller fleire fagområde, samtidig som kunden har Nanseth Media som fast kontaktpunkt gjennom prosessen.

logo_möre_media_svart.png

Foto: Møre Media/Cecilie Hatløy

KONTAKT

E-post: camilla@nanseth.no
Telefon: 992 28 285

Nanseth Media
Millennium CoWork
Org.nr: 918 746 196

2025 | Alt innhald på denne sida tilhøyrer Nanseth Media. Kopiering er ikkje tillatt

BESØK

Nanseth Media held til på Millennium CoWork, Hareid.

 

Kom innom for ein kaffi og triveleg prat om ditt neste prosjekt!

 

KONTAKTSKJEMA

bottom of page